Baratza Encore kvern - bestillingsvare

1,548.00kr

 

Encore er det mest prisgunstige alternativet av dei ulike Baratza kvernene. Den er lita og nett, kvernar 0.8-1.1 g/per sek, og er passeleg stillegåande. Encore er eit godt og effektivt alternativ til manuelle håndkverner og endel andre enklare elektriske kverner i markedet.

Dette er startpunktet til Baratza og egnar seg godt for deg som kanskje skal ha ei elektrisk kaffekvern for første gong og som har eit noko begrensa bruksområde innanfor svart kaffi.

Denne kverna har 40 trinn og er hovedsakleg meint for brygging av svart kaffe; det være seg moccakanne, kaffetrakter, V60, Chemex, presskanne og kokekaffi.  Dersom du er på utkikk etter ei kvern hovedsakleg for espresso vil me anbefale deg å se nærmere på Sette 30.

Encore er bygd opp med den kvaliteten som Baratza-delene er kjende for: Effektiv DC motor (som held bønnene kjølige – sjølv under lengre kvernesyklusar), kombinasjon av elektronikk og reduksjonsgir sikrar ei jevn bønne-metning og reduserer støy, varme og oppbygning av statisk elektrisitet.

Ein praktisk og frontmontert pulsknapp gjer det enkelt å kverne manuelt etter behov. I tillegg er det ein tidsjustert bryter på sida. Anten du er på utkikk etter ei enkel espressokvern eller du vil oppdaga muligheitene innan manuell brygging, vil Encore være ei flott «allround» kvern til heimebruk.

Kverna har ein beholder som all kaffien lander i. Både kvern og beholdarar er laga av antistatisk materiale for å unngå at malt kaffi festar seg.

 

 

  • Knivar: 40 mm koniske stålknivar M1
  • Stor beholdar til kverna kaffi
  • Framstilt i antistatisk materiale
  • Karosseri: plast og stål
  • Vekt: 1.3 kg
  • Mål: 35x12x16

Tilleggsinformasjon

menu-circlecross-circle linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram