Kaffikurs / kaffismaking for grupper

390.00kr

Lurer du på korleis klima, jordsmonn og plantetype påverker smaken du finn i kaffikoppen?

Her får du vita mykje og mangt om dette. Kvelden er todelt med ein teoretisk del og ein smaksdel. Kurset varer i 2 timer og koster 390,- per person. Det er plass til 10 stykker på kvart kurs.
Kurset er jordnært og grunnleggande - akkurat som kaffidyrking!

1. Frå bønne til kopp
I denne delen vert me betre kjent med kaffi, heile vegen frå bønne til kopp. Du vil få betre kjennskap til kor og korleis kaffidyrking pågår, innhausting, prosessering, brenning og brygging. Me vil gå gjennom dei forskjellige regionar der kaffi vert dyrka og læra meir om kva som er typiske forskjeller på smak for dei ulike regionane.

2. Cupping
Etter teori kjem den viktigaste delen: Å smaka på mykje god kaffi! Kaffi frå store delar av kaffibeltet - Afrika, Sør og Mellom-Amerika. Du vil få læra "cupping" for å kjenna betre smaksforskjellane på dei ulike kaffiane.

 

Påmelding
Er det interesse for å ha eit kurs for ei gruppe (5-10 personar) -  ta kontakt med terje@drosekaffi.no 

Tomt på lager

Tilleggsinformasjon

DRØSEN KAFFIBAR AS  - 925 758 957
menu-circlecross-circle linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram