Drøsekaffi finst fordi me trur at ein god drøs; fellesskap mellom menneske er grunnleggande og viktig.
Kaffiabonnement
Ferskbrent Drøsekaffi rett i postkassen kvar månad? Gjennom vårt abonnement sikrar du deg jevnleg tilgang på fersk Drøsekaffi! Kaffien vert gjort klar til levering den tiande i kvar månad. Månadens kaffi vil variera, slik vil du over tid få prøva ut alle dei forskjellige typane me har. Desse kaffiane er tenkt til å bruka til alle forskjellige bryggemetodar, men egnar seg ikkje spesielt godt som espresso. For espresso har me difor eit eige abonnement.
Du kan velja å henta kaffien i Drøsen Kaffibar og Kaffibrenneri, så sparer du nokre kroner på porto. Vel du å henta kaffien sjølv vil du få melding om når kaffien er klar!
Me brenn kaffi på bestilling slik at den alltid er fersk når den kjem heim til deg.
Rettferdig handel
Full sporing heilt tilbake til kaffidyrkar er med å sikra at kaffiplukkarar og kaffibønder sit igjen med det dei fortener
Dei beste råvarene
Drøsekaffi kjøper råvarer som er i den øvste kvalitetskategorien. Dette gjer me for å kunna brenna og levera kaffi som har komplekse og varierte smaksnyansar - spesialkaffi