Om oss

Drøsekaffi

Me nordmenn elskar kaffi, og me drikk mykje kaffi. Helst fleire gonger dagleg.
Drøsekaffi skil seg ut frå mengda: Spesial-kaffi laga på dei beste råvarene som er å få tak i frå Afrika, Mellom- og Sør-Amerika. Ein nøye overvaka og kontrollert brenneprosess får fram potensialet i den verdifulle råvara.

Å drikka ein kopp med ekstra god kaffi kan verta ein lita pause i kvardagen, ei stund der vi kan sitja ned og kjenna at den gode smaken breier seg og gjer godt i heile kroppen.
Drøsekaffi finst fordi me trur at ein god drøs; fellesskap mellom menneske er grunnleggande og viktig. Byr du på ein ekstra god kopp kaffi som er brent og pakka midt på Jæren, viser du at du set pris på fellesskapet og drøsen som veks fram. 
Drøsekaffi mikrobrenneri ligg på Nærbø midt på tjukkaste Jæren i Rogaland.

Kven er me?

Drøsekaffi vert brent av ivrige kaffientusiastar i mikrobrenneriet vårt på Nærbø. 

Kaffientusiastane heiter Hans-Arvid Grødeland og Terje Undheim. Mange år med lidenskap for god kaffi har lært oss om kva som gjer at noko kaffi smakar godt medan annan kaffi smakar heilt fantastisk. Kva som er forskjellen på konsumentkaffi og spesialkaffi. Me har fått augo og smakslaukane opp for forskjellane på kaffi frå forskjellige regionar i kaffiproduserande land. Me har lært om kaffi-industrien og korleis me kan handla kaffi på ein måte som gjer at kaffiplukkarar får den løna dei fortener. Me har smakt og utforska  kaffibønner som er plukka, vaska, tørka og behandla på forskjellige måtar hos produsent, som er brent på forskjellige måtar i brenneria, kverna på forskjellige måtar og til slutt brygga på forskjellige måtar før dei kjem i koppen. 

Dette har gjort at me har vår oppfatning om korleis god kaffi skal smaka og kva som skal til for å få den smaken i kaffikoppen. Me har hatt ein draum om å få skapa denne kaffien lokalt her på Nærbø. 

Kaffibrennaren kjøpte me i 2018, og etter mykje brenning og smaking har me sidan våren 2019 hatt eit produkt me kunne presentera og vera stolte av.

I November 2020 tok me eit nytt steg, og opna Drøsen kaffibar og kaffibrenneri i lag med gode vener . I 1. etasje på Amfisenteret Nærbø kan du nå nyta ein god kopp kaffi og noko attåt. Velkommen innom til ein god kaffidrøs!

Ta kontakt

Feil: Kontaktskjema ikke funnet.

KONTAKTINFO

Torggata 2, 4365 Nærbø
DRØSEN KAFFIBAR AS  - 925 758 957
menu-circlecross-circle linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram