Honduras - Flores "Skape Muligheter Sammen"

160.00kr

Skape muligheter sammen:

Vi er glade for å samarbeida med "Skape Muligheter Sammen" (SMS) som driv arbeid blant barn og unge i Honduras. SMS arbeider utifrå at alle har rett til å rå over si eiga framtid. Den norsk-honduranske idelle organisasjonen vart stifta i 2014. Gjennom fokusområda utdanning, helse og sosial utvikling ynskjer SMS å skapa rammer som gjev barn og unge moglegheiter til å vekse opp og å utvikla sine ibuande eigenskaper.
Drøsekaffi sitt fokus på rettferdig betaling i alle ledd bidreg til dette, og i tillegg vil kr. 36,- frå kvar pose av kaffi frå Honduras gå direkte til SMS sitt arbeid i Honduras.  https://www.skapemulighetersammen.no/

Om kaffien:

Denne kaffien kjem frå La Arada gården i Intibuca regionen. Vi har hatt drøsekaffi frå andre leverandører i same region, og felles for dei alle er svært høg kvalitet, lette, lyse og ganske komplekse i smaken.
Denne kaffien har smaksnoter med fruktighet som kan minne om grønt eple. Det er noter av svart te og herbale smakar. Ein svært god kaffi som dei fleste vil sette stor pris på!
La Arada - by Mario Flores

Grønt eple, svart te og herbale smakar

Region:  Intibuca, Pozo Negra

Høgde : 1600 - 2000 m.o.h.

Arabica:  Catuai

Hausta:  Sommar 2022

Klassisk                  Fruktig
o o o O o o o o o o

Lysbrent                 Mørkbrent
o o o O o o o o o o

250g heile bønner

 

 

Region:
Intibuca, Pozo Negra
Plantasje:
La Arada
Kaffiplante:
Catuai
Prosess:
Vaska
Hausta:
Sommar 2022

Tilleggsinformasjon

Vekt 260 g
Dimensjoner 20 × 10 × 5 cm
DRØSEN KAFFIBAR AS  - 925 758 957
menu-circlecross-circle linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram