Indonesia - Java Frinsa Estate

160.00kr

smaksnoter av grøn te, vanilje,raudt eple
Region: West Java, Weninggalih
Meter over havet: 1400
Arabica: Andung Sari, Sigarar Utang
Prosess: Vaska
Bryggetips: 60g/liter
Hausta: 2022

Klassisk       Fruktig
o o O o o o o o o o

Lysbrent       Mørkbrent
o o o o O o o o o o

250g heile bønner

Indonesia har tidlegare vore kjende for å levera kaffi av lågare kvalitet med smaksprofiler som er grumsete/jordaktige. Men mange produsentar har starta med å få fram dei reine, fruktige smaksprofilane som me alltid er på jakt etter.

Denne kaffien er eit godt eksempel på det positive som er å finna i Indonesia. Desse kaffibæra er en miks av fleire arabicatyper som vert dyrka i West Java, i eit område som lokalt vert kalla Sunda. Desse gardane ligg fra 1300-1500 meter over havet.

Prosessering av kaffibæra skjer i Frinsa Estate 1400 m.o.h. Der har dei ventilerte lagringsrom og ei såkalla "dry-mill". Dette gjer at dei har full kontroll på produkta frå hausting til klassifisering, sortering og transport. Gjengen på Frinsa Estate veit korleis dei skal prosessera kaffien sjølv i utfordrande klima, og dei har funne ein måte å få rein og deilig smaksprofil i kaffien på.

Region:
West Java, Weninggalih
Plantasje:
Java Frinsa Estate
Kaffiplante:
Arabica: Andung Sari, Sigarar Utang
Prosess:
Vaska
Hausta:
2022

Tilleggsinformasjon

Vekt 270 g
Dimensjoner 20 × 10 × 5 cm
DRØSEN KAFFIBAR AS  - 925 758 957
menu-circlecross-circle linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram