KINGrinder K2 kaffikvern

1,590.00kr

God kaffi fortener god kverning og brygging. Det er vanskelig å overgå kvaliteten på ei god handkvern. Ei elektrisk kvern som gjev same resultat ut vil typisk kosta fleire gonger prisen for ei manuell kvern.

Me er stolte av å tilby KINGrinder kaffikverner. Desse manuelle kvernene meiner me er noko av det beste på markedet når det gjeld kvalitet i forhold til pris. Ei manuell kvern med god mekaninsk stabilitet og godt maskinerte og slipte knivar vil gje jevn størrelse på dei kverna kaffipartiklane. Det vil du kjenna på smaken i koppen!

 

KINGrinder K2

K2 har større knivar (48mm) enn K0. Større diameter på knivane gjer at kverninga går fortare.
Denne justerbare kverna har 140 forskjellige innstillingar og er spesielt egna til Aeropress, French Press, Drip (pour over), kokekaffi osv. Den kan brukast for espresso, men er fyrst og fremst tiltenkt andre bryggemetodar.

Om kverna:

- 48mm diameter på knivane. 18um per trinn. Internjustering av kverna gjer at kverna kan justerast frå fin- til grovmalt. Det er 40 klikk per runde med intern nummerskala på justeringsringen.

- Rustfri stål på kvern-knivane som held svært lenge. Aluminium på huset. Designet på knivane og dobbelt kulelager design sørger for jevnt resultat på kverna kaffi.

- Lett å ta med seg og enkel reingjering. Få gode kaffiopplevelsar både heime og på tur. Behaldaren for kaffi har plass til 20-25 gram kaffi. Kverna kan enkelt demonterast og reingjerast med ei børste

Tilleggsinformasjon

Vekt 2000 g
Dimensjoner 25 × 35 × 7 cm
DRØSEN KAFFIBAR AS  - 925 758 957
menu-circlecross-circle linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram