V60 handbrygg

11. september 2020

Hario V60 er ei trakt som har ei jevn rund form og eit stort hol i botn, noko som gir ei jamn ekstrahering og god smak i koppen. Vinkelen på bryggaren er 60 grader og den er forma som ein V. Difor navnet V60.

Du treng:

Hellekanne
Kopp/serveringskanne
Handbryggar
Filter
Vasskokar
Vekt
God kaffi - 60 gram per liter vatn. Lys eller medium brenningsgrad.
Kvern - malingsgrad: Filtermalt (litt finare enn til trakter)

Slik gjer du:
1. Kok opp vatn
2. Skyll filteret i handbryggaren for å fjerne papirsmak. Forvarm kopp/serveringskanne
3. Mål opp rett mengd nykverna kaffi og hell i handbryggaren. Fordel kaffien jevnt i filteret
4. Set kopp/serveringskanne på vekta og nullstill
5. Fukt kaffien ved å helle på 20-25% av vatnet. Hell forsiktig rundt og fukt all kaffigrut. Vent i ca 30 sekund. Kaffien vil boble og heve seg. Dette vert gjort for at uønska gassar frå bønnene skal forsvinna ut i lufta i staden for å blanda seg i kaffibrygget.
6. Hell nykokt vatn i sirkulære bevegelsar utanfrå og innover i filteret. La filteret renne tomt og repeter til du har målt opp rett mengd vatn.
7. Nyt kaffien!

Nyt kaffien!
Nyt kaffien!

menu-circlecross-circle linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram