Kokekaffi

august 11, 2020

Kokekaffi var ein gong den aller mest populære måten å tilbereda kaffi på. Òg lang tid etter at kaffitraktaren kom. Og det med god grunn. Kokekaffi er nemleg fantastisk godt, om den vert tilberedt riktig.

Du treng:

Kaffikjele
Termokanne
Ein varmekjelde - bålpanne, primus, kokeplate t.d.
Vatn
God kaffi - 60 gram per liter vatn. Lys eller medium brenningsgrad.
Kvern - malingsgrad: grov/kokemalt.

Slik gjer du:
1. Kok opp vatnet i kjelen.
2. Mål opp kaffien.
3. Når vatnet koker tek du kjelen av varmen.
4. Ha kaffien i vatnet og rør i overflata sånn at alt kaffien vert fuktig.
5. Sett lokket på kjelen og la kjelen stå i ca 5 minutt.
6. Etter at 5 minutt er gått bryt du overflaten på kaffien slik at gruten synk til bunns.
8. Vent eitt minutt slik at gruten kan få synke til bunns, så heller du kaffien forsiktig over i termokanna.
9. Kaffien er nå klar til servering.

Kvifor helle kaffien i termokanne? For å forhindre at kaffien «overekstraherar». Det skjer mellom anna når vatnet er for lenge i kontakt med gruten. Då vert kaffien beisk.
Skal alt drikkast med ein gong, kan du sjølvsagt skippe termokanna. Skal kaffien derimot stå til du har konsumert fyrste kopp, anbefalar vi å helle den over i termokanne.

menu-circlecross-circle linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram